Skammarkrigen

Barn og ungdom

Skammarkrigen

Omsett av Øystein Rosse

12–16 år
I denne fjerde og siste boka i Skammar-serien kjem Dina og broren Davin tilbake til byen Dunark. Den vonde fyrsten Drakan har tilrana seg makta her. Drakan er det einaste fullstendig skamlause mennesket Dina har møtt, og tusenvis av menneske har døydd under det brutale overherredømmet hans. Eit opprør mot han må kome, og opprørsleiaren blir halvbror hans, Nico, Dinas venn. Han er den rettmessige arvingen til Dunark, men hatar sverd og kan ikkje drepe. Davin og Dina må hjelpe han, og slik startar Skammarkrigen, det siste dødsens farlege oppgjeret med Drakan og drakehæren hans. Det blir ein krig som ikkje kan vinnast med sverdet aleine.
249,00 kr
Sider
375
Utgivingsår
2015
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252188325
Lene Kaaberbøl
Om forfattaren

Lene Kaaberbøl

f. 1960) starta karrieren sin som forfattar i ein alder av 15 år. Sidan den gong har ho skrive ei rekkje bøker, og ho er i dag forfattar på heiltid. Kaaberbøl har tidlegare skrive serien om Skammarens barn, og ho har blant anna vunne Disney-prisen for W.I.T.C.H-serien.