Sjabervik
Innbunden

Romanar og noveller

Sjabervik

Persongalleriet spenner frå den ulykkelege husmannen Angel til den talentfulle fotballspelaren Ruban. Vi møter mellom andre ein dansk kapellan, ei gravid tenestetaus, ein halt ferjematros og ein bitter vararepresentant til kommunestyret.

Bygda Sjabervik blir sjølv ståande som ein viktig hovudperson, der ho famnar om dei øvrige karakterane og liva deira, til alle tider, eit bilde på det allmenne og stadige. Bygda, med sine bratte fjell, med sin urolege sjø, med sin mørke himmel, og sine glimt av lys.

429,00 kr
Øystein Orten
Om forfattaren

Øystein Orten

 

(f. 1962) kjem frå Hareid på Sunnmøre. Han debuterte med diktsamlinga havflammen i 1995, og har sidan skrive både romanar, novellesamlingar og dokumentarbøker. I bøkene sine kombinerer han ofte historisk kunnskap, menneskeleg innsikt og sosialt engasjement. Når han ikkje skriv bøker, underviser han på Ulstein vidaregåande skule.