Barn og ungdom

Sceneskifte: roman

12–16 år
«Intens roman om å kjempe for den ein er [...] Hestad gjer ein vellukka debut med ein dramatisk roman om mobbing, kjønnsidentitet og samhald mellom unge [...] Romanen verkar alt i alt godt gjennomarbeidd.»
— Periskop
Kjærasten til Alex har slått opp med ho utan forklaring. Alex blir mobba av dei andre jentene i klassen fordi ho er skeiv, og samstundes må ho førebu seg til den første konserten med bandet sitt. Når alt ser som mørkast ut, begynner det ein ny gut i bandet. Mika har tjukt, mørkt hår, holete jeans og speler bass som ein gud. I tillegg ser han ut til å vere interessert i Alex. Men kvifor blir Alex interessert i Mika, ho liker jo jenter? Kva er det eigentleg som gjer Mika så sjølvsikker? Tør Alex i det heile tatt ta sjansen på å forelske seg att? Sceneskifte er ein ungdomsroman som på ein truverdig og engasjerande måte tematiserer forelsking, seksualitet og kjønnsroller.
229,00 kr
Utgivingsår
2023
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234010170
Meldingar

Sagt om boka

1 omtale

«Det som først og fremst får Sceneskifte til å skilje seg frå andre ungdomsbøker, er den frie og opne tonen rundt søken etter eigen seksualitet. [...] At Hestad let hovudpersonen både vere overtydd om at ho er lesbisk, og tvilande rundt sin eigen konklusjon, utan at dette blir problematisert, er ein fin kvalitet ved romanen [...] alt i alt plasserer Sceneskifte seg fint i eit tidsbilete der grensene mellom seksualitetar og kjønn er i ferd med å bli mindre rigide.»

— Barnebokkritikk

Kari Mathilde Hestad
Om forfattaren

Kari Mathilde Hestad

Kari Mathilde Hestad (f. 1978) kjem frå Austevoll i Vestland fylke og jobbar som språkkonsulent. Ho er utdanna norsklektor og har fleire års erfaring som journalist og lærar. Sceneskifte er den første boka hennar.