InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Samson snakkar sant

Kjem 23. oktober 6–9 år
Katastrofedagbøkene er ein humoristisk og spennande bokserie for barn frå seks år og oppover. Serien følger ni år gamle Samson, som stadig hamnar i trøbbel sjølv når han meiner det godt.
 
Samson synest ikkje det er så veldig viktig at han snakkar sant, så lenge folk ikkje blir lei seg. Men ein dag endrar alt seg, då bestemor fortel ei urgammal hemmelegheit om kva som skjer når folk lyg. Der og då bestemmer Samson seg: Han skal aldri lyga igjen. Alt han seier, skal vera sant. Men det som først verkar som ein god idé, viser seg raskt å føra til mykje trøbbel. Det blir rett og slett heilt katastrofe!
329,00 kr
Forventa i sal
23. oktober
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234017605
Anders Totland
Om forfattaren

Anders Totland

Anders Totland (f. 1986) er oppvaksen på Bømlo og held til på Valen i Kvinnherad. Han er forfattar og har skrive fleire bøker både for barn og for vaksne. Sidan 2015 har han gitt ut ei rekkje bøker i fleire sjangrar, deriblant Den norske slavehandelen (2018), Gunnars rekordbok (2024) og Mamma på dass (2025). Fleire av bøkene er selde til utlandet, og i 2017 fekk han Nynorsk barnelitteraturpris for ungdomsromanen Engel i snøen. I 2022 kom den første boka om den pensjonerte presten Jacob Juul, Til jord skal du bli, og i 2024 kom den nokså frittståande oppfølgjaren Til døden skil oss.