Samhandling i helsetenesta

Ragnhild Hellesø | Randi Opheim |
E-bøker | ISBN: 9788234003127

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price269 kr
Forventa i sal: 01.02.2023
I dagens helseteneste er det mange aktørar, instansar og organisatoriske nivå som må samhandla for å skapa gode og samanhengande helsetenester for pasientane. I dette komplekse landskapet treng sjukepleiarar kunnskap som sikrar at pasienten opplever kontinuitet og kvalitet.

I boka viser forfattarane kor utfordrande samhandling med aktørar frå ulike kunnskapsfelt i ulike delar av helsetenesta kan vera, men også kva organisatoriske verkemiddel sjukepleiarar kan dra vekslar på i arbeidet sitt. Forfattarane gjer greie for kva fagleg ansvar sjukepleiarar har i ulike samhandlingskontekstar, og kva det organisatoriske arbeidet kan innebera meir konkret. Her står informasjonssystem, koordinering og organiseringsarbeid sentralt, og lesarane vert presenterte for verktøy som dei kan bruka i arbeidskvardagen.

Sentrale spørsmål i framstillinga er kva kunnskap og kompetanse som skal til for å skapa gode og samanhengande helsetilbod til pasientane. Forfattarane brukar konkrete eksempel for å gjere stoffet relevant, og ei blanding av praktiske og reflekterande oppgåver er med på å aktivisere studentane.

Ragnhild Hellesø er sjukepleiar og professor ved Institutt for helse og samfunn, Universitetet i Oslo. Ho har vore opptatt av samhandling i helsetenesta frå klinisk erfaring og gjennom forskinga si. Ho har leia fleire store forskingsprosjekt om samhandling og digitalisering i helsetenesta.

Randi Opheim er sjukepleiar og forskar ved Oslo universitetssjukehus og førsteamanuensis ved Institutt for helse og samfunn, Universitetet i Oslo. Ho har lang klinisk erfaring frå spesialisthelsetenesta med pasientopplæring og oppfølging av pasientar med kronisk sjukdom og med klinisk helseforsking.

Du likar kanskje desse

Sist sett på