Saman er ein mindre aleine: roman

Skjønnlitteratur

Saman er ein mindre aleine: roman

Omsett frå fransk av Tove Bakke

Saman er ein mindre aleine er ei stor og medrivande forteljing om fire menneske, Camille, Philibert, Franck og Paulette, som av ulike grunnar kjem til å møtast. Det er ein kjærleiksroman, ein roman om livet, om relasjonar og kokkekunst. Handlinga utspeler seg i området rundt Eiffeltårnet. Tove Bakke, som har omsett boka frå fransk, har gjenskapt Anna Gavaldas univers med stor språkleg presisjon og litterær innsikt.
329,00 kr
Utgivingsår
2015
Språk
Nynorsk
Omsetjar
Tove Bakke
ISBN
9788252187830
Anna Gavalda
Om forfattaren

Anna Gavalda

(f. 1970) er fødd og oppvaksen i utkanten av Paris, og bur der også i dag. Ho debuterte med Eg vil at nokon skal vente på meg i 1999. Novellesamlinga vart ein kjempesuksess og selde raskt 200 000 eksemplar berre i Frankrike. Gavalda fekk Frankrikes viktigaste bokhandlarpris i 1999. Hennar største suksess er Saman er ein mindre aleine, som har seld over 2 millionar og er omsett til over 40 språk. Livet, til det betre gjekk rett inn på bestseljarlistene da ho kom ut i Frankrike.