Saman er ein mindre aleine

Skjønnlitteratur

Saman er ein mindre aleine

Omsett frå fre 17 t 3 min
Saman er ein mindre aleine er ei stor og medrivande forteljing om fire menneske, Camille, Philibert, Franck og Paulette, som av ulike grunnar kjem til å møtast. Det er ein kjærleiksroman, ein roman om livet, om relasjonar og kokkekunst. Handlinga utspelar seg i området rundt Eiffeltårnet i Paris. Anna Gavalda (f. 1970) er fødd og oppvaksen i utkanten av Paris, og bur der også i dag. Ho kom inn i den franske litterære landskapen som ein frisk pust då ho debuterte i 1999. Saman er ein mindre aleine har vore på bestseljarlistene i Frankrike i over eitt år, og det har blitt seld over 1.500.000 eksemplar. Romanen er omsett til 36 språk, og det er Tove Bakke som står for denne norske omsettinga.
379,00 kr
Utgivingsår
2007
Språk
Nynorsk
ISBN
9788242137395
Anna Gavalda
Om forfattaren

Anna Gavalda

(f. 1970) er fødd og oppvaksen i utkanten av Paris, og bur der også i dag. Ho debuterte med Eg vil at nokon skal vente på meg i 1999. Novellesamlinga vart ein kjempesuksess og selde raskt 200 000 eksemplar berre i Frankrike. Gavalda fekk Frankrikes viktigaste bokhandlarpris i 1999. Hennar største suksess er Saman er ein mindre aleine, som har seld over 2 millionar og er omsett til over 40 språk. Livet, til det betre gjekk rett inn på bestseljarlistene da ho kom ut i Frankrike.