Ekteparet Arne og Hulda Garborg er to av Noregs største forfattarar, tenkarar og påverkarar gjennom tidene. Arne kjenner me kanskje best som forfattar av Fred og Haugtussa, medan Hulda blir assosiert med bunaden.
Men det var aldri sjølvsagt at dei skulle bli så markante. I denne biografien blir me tekne med til barndomen deira, til Jæren, der Arne vaks opp med ein tyrannisk og psykisk sjuk far, og til Hamar, der Hulda eit av få barn med skilde foreldre.
Forfattaren Ørjan Zazzera Johansen, som har vore tilsett ved Nasjonalt Garborgsenter sidan 2011, fortel levande og engasjerande om korleis dei radikale tankane til Garborg-paret, til dømes om personleg fridom, likestilling og nasjonal identitetsbygging, har hatt stor betydning for korleis Noreg ser ut i dag. Arne og Hulda Garborg – saman endra dei Noreg er også ei historie om stor kjærleik, om kreativt fellesskap og om å overleva som kunstnar i eit fattig Noreg. Boka er illustrert av Lars Henrik Eriksen.