Boka for alle som treng å friske opp att bibelkunnskapane sine, og dei som aldri har opna ein bibel. Kva skjedde eigentleg under Davids kamp mot Goliat? Kva er opphavet til uttrykket «heile sulamitten»? Og visste du at det var Jesus som først bad oss om å ikkje kaste perler for svin?
Bibelen er den mest selde boka i verda. Bibelen er både heilag tekst og ein litterær triumf - utgangspunktet for to verdsreligionar og ein grunnstein for den vestlege litteraturen og sivilisasjonen. Kan vi eigentleg forstå historia vår, språket og kulturen om vi ikkje veit kva som står i Bibelen? For mange er dette den viktigaste boka som er skriven, medan mange har eit eksemplar av Bibelen ståande i bokhylla, utan at dei nokon gong opnar han. Alf Kjetil Walgermo, forfattar og kulturredaktør i Vårt Land, har skrive ein kunnskapsrik og lett tilgjengeleg guide til Bibelen. Med stor nysgjerrigheit og pedagogisk kløkt tek han med seg lesaren inn i Det gamle og Det nye testamentet. Boka er laga både for dei som treng ei oppfrisking av bibelkunnskapane sine, og for dei som knapt har sett i ein bibel, men som føler at dei går glipp av noko viktig.
Meldingar
Et imponerende arbeid som dykker ned i litteraturen, historien, religionen, språket som finnes i Bibelens tekster - og han gjør det med en fortellerglede og kunnskap som gjør både bibel og den røffe guiden til en sann fryd.
Tarald Aano, Stavanger Aftenblad
Det er bare å glede seg – dypt i sjelen: Alf Kjetil Walgermo (39) åpner simpelthen Bibelen på nytt for en lesende samtid med sin «Røff guide til Bibelen». ... Walgermos blanding av ydmykhet og frimodighet til å gå til verket med vår tids synspunkter, er rett og slett befriende, opplyst og meget engasjert lesning. Så: Gudskjelov for denne boka!
Jon Selås, VG
Med denne guiden som reisefølge, blir en fottur inn i Bibelens vidstrakte ørkenlandskap som en tur ut i hagen. ... Til like er teksten krydret med forfatterens lakoniske kommentarer, noe som gjør et i utgangspunktet tungt stoff til en lesefest. Hvem skulle tro at det var mulig?
Fartein Horgar, Adresseavisen
Det er vågalt å behandle «den mest utbreidde boka på jordkloden», men det er blitt en imponerende og fremfor alt lettlest gjennomgang. … Dette er en pålitelig innføring for begynnere og den vil kunne berike viderekomnes tro.
Karl Gervin, Vårt Land
Det er ei bragd å skriva ei boka som denne, og Alf Kjetil Walgermo skal ha all ære for arbeidet han har gjort.
Bård Hauge, Dagen
... en ypperlig innføring i kristendommen for dem som ikke vet hvor de skal begynne … Det er kanskje å kaste perler for svina på den brede vei å si dette, men hvis du virkelig bare vil lese én bok om Bibelen og kristendommen, kommer du langt med denne. Du vil også få en bedre forståelse av kunsthistorien, språket vårt, Martin Luther Kings taler, og broderiet på veggen til bestemor.
Bjørn Stærk, Morgenbladet
Ein perfekt guide for "kulturkristne".
Arild Pedersen, Dag og Tid
Bla-i-boka
Alf Kjetil Walgermo
Alf Kjetil Walgermo (f. 1977) kjem frå Sunnmøre og er busett i Oslo. Han har skrive fleire kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne og er omsett til ei rekkje språk. Dei enkeltståande bøkene Mor og far i himmelen, Mitt bankande hjarte og Kjære søster kan lesast som ein trilogi om eksistensielle spørsmål. I 2017 gav han ut Røff guide til
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO