Revolusjon i lingvistikken

Jan Terje Faarlund

Lettfatteleg presentasjon av teoriane til den amerikanske språkforskaren Noam Chomsky. Med sin generative grammatikk kom Chomsky til å revolusjonere synet på menneskeleg språk og språkevne.

Noam Chomsky er våre dagars fremste språkforskar. Han har revolusjonert språkvitskapen og skapt ein ny vitskapsdisiplin, den generative grammatikken. Sidan han begynte forskarkarrieren på 1950-talet har han i tillegg markert seg som ein skarp politisk skribent i USA.

Denne boka gir ein lettfatteleg presentasjon av Noam Chomskys språkteoriar og den generative grammatikken. Utgangspunktet er at språket er ein medfødd eigenskap hos mennesket, og at vi har eit slags mentalt språkorgan. Dette har gitt eit nytt syn på grammatikk og andre språkdisiplinar, men har òg fått stor innverknad på moderne psykologi og filosofi.

Her er teorien presentert på ein slik måte at han blir tilgjengeleg for folk utan formell bakgrunnskunnskap i grammatikk eller lingvistikk. Boka kan òg lesast med utbytte av folk som vil friske opp kunnskapane sine i generativ grammatikk.




Meir frå Jan Terje Faarlund