Reisa til H.

Barn og ungdom

Reisa til H.

3–6 år
Vesle Selma har ein kanin. Ein dag tek ho eit egg i kjøleskåpet og legg det i dokkesenga, for ho vil så gjerne ha ein kjukling òg. Kaninen skal ruge ut egget ... Selma veit at slikt tek tid, ho gler seg og er tolmodig. Iblant kjenner ho på egget, og det er ikkje så veldig varmt, så kanskje kaninen ikkje er like flink til å ruge som ei høne. Men Selma skjenner ikkje på han for det, ho elskar nemleg kaninen sin. Og ho har store planar: Når kjuklingen kjem ut av egget, skal ho ta med seg dei to vennene og reise ut i verda. Tekst og bilete gjer denne boka til ei glad og god oppleving.
299,00 kr
Utgivingsår
2014
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252186352
marit o kaldhol
Om forfattaren

marit o kaldhol

marit o kaldhol (f. 1955) har sidan debuten i 1983 gitt ut ei rekkje prislønte bøker for barn, ungdom og vaksne. Kaldhol er utdanna lærar og har undervist i grunnskolen og vidaregåande skole. Forfattarskapen hennar er rik og variert, og inneheld både biletbøker for små barn, lettlesbøker, drama, bøker for større barn og ungdom i tillegg til dikt og romanar for vaksne.

Ho debuterte med diktsamlinga Lattermilde laken i 1983 og har fått fleire internasjonale barneprisar for biletboka Farvel, Rune (1986). Boka er blitt ein klassikar innanfor biletboksjangaren, og er omsett til tolv språk og m.a. utgitt i Japan, USA og Canada. Dette gjer ho til den norske biletboka som har fått aller størst internasjonal merksemd.

kaldhol ga i 2006 ut den poetiske romanen Blondene gir seg ikkje, der barndomsskildringar og hendingar og draumar frå vaksenlivet blir fletta saman til eit portrett av ei kvinne som vil finne måtar å leve vidare på. Same år kom Kino, ei samling noveller for ungdom som Kaldhol fekk Kultur- og kyrkjedepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for. I 2010 kom ein ny ungdomsroman: søkeord: ayotzintli, som forfattaren igjen fekk Kulturdepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for. marit o kaldhol fekk Samlagsprisen i 2001.