
Raud og frå seg
Søstera, faren, mora og broren er persongalleriet i desse poetiske kortprosatekstane som gradvis avdekkjer for lesaren det som har skjedd i denne familien. Sterke, draumeaktige bilete av å vere under vatn byggjer opp under kjensla av å sakne ein bror som blei borte. Det er ei utviklingshistorie om å vakne opp frå minne om ein harmoni og innsjå det utrygge og usikre i tilværet, og om å kunne leve med dette. Siri M. Kvamme er debutant.
Broren stod på fjellet og støtte seg på den vindbøygde trestamma. Med den gylne stokken i det blaute graset sprang han nedover fjellsida og laga runde avtrykk, som spor over enga. Bjørketrea stod i ei klynge ved fjøset. Dei venta på nokon å vise flekkane sine for.
Ingen hugsar lenger brorens namn. Berre at han er ein stad mellom dør og dør. Går i eitt med det kvite, det svarte, det grå.
