Rasmus Rebellen: roman

Skjønnlitteratur

Rasmus Rebellen: roman

Det er 1650. Folket i Noreg vert meir og meir tynt av aukande skattar, hardhendt lovpraksis og korrupte futar. På Sunnmøre og i Romsdal manar bondeføraren Rasmus Engelbrektsson Bust (1588?1666) folket til kamp mot overmakta. Rebellen er ei mektig og særprega historie om Engelbrektsson Bust, som er ein forfader av forfattaren sjølv. Forteljinga er lagd i munnen på fostersonen Aslak, som fortel med eit rikt språk og med stor innleving. Vi får oppleve 1600-talet og kampen småkårsfolket måtte kjempe mot naturen og den politiske overmakta, på nært hald. Denne storslåtte romanen vil ikkje berre appellere til dei som vil lese eit litterært portrett av ein spennande historisk skikkelse, men også til alle som er interesserte i historie.
329,00 kr
Utgivingsår
2013
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252184082
Øystein Orten
Om forfattaren

Øystein Orten

 

(f. 1962) kjem frå Hareid på Sunnmøre. Han debuterte med diktsamlinga havflammen i 1995, og har sidan skrive både romanar, novellesamlingar og dokumentarbøker. I bøkene sine kombinerer han ofte historisk kunnskap, menneskeleg innsikt og sosialt engasjement. Når han ikkje skriv bøker, underviser han på Ulstein vidaregåande skule.