Ramstein pensionat
Innbunden

Ramstein pensionat

Han avlyttar rom og telefonar, tjuvkopierer brev og dagbøker og spionerer på godt gammaldags vis. Så arvar Debbey Ramstein pensionat.

Ikkje berre dukkar det opp ei rekkje mannlege beundrarar, Debbey avdekkjer òg gradvis løyndommar frå fortida til tante Margrethe, den tidlegare eigaren av pensionatet. Og kven er den mystiske Humbrent?

429,00 kr
Sigrid Sørumgård Botheim
Om forfattaren

Sigrid Sørumgård Botheim

(f. 1985) er frå Lesja. Ho debuterte med romanen Ramstein pensionat i 2009 saman med systera Guri Botheim. Ramstein pensionat er ein original og leikande roman om heilt særeigne, men akk så normale menneske. Her møter vi Sigurd Sørheim som spionerer på storesyster Debbey. Når Debbey ein dag arvar eit gamalt pensjonat, dukkar det opp både løyndommar og mannlege beundrarar. Ramstein pensionat er ein original og leikande roman om einsemd, kjekke menn, edle dropar og livet i Bygde-Noreg. I 2011 gav Sigrid og Guri ut boka Søsken i lag med søskenparet Ingrid og Kjersti Rognes Solbu. Ei rekkje bidragsytarar undersøkjer søskenskapet med varme og humor – og frå ulike perspektiv. Søsken er ei vakker gåvebok, designa av Øystein Vidnes og med foto av Benedikte Skarvik.

Botheim er utdanna klassisk pianist og bur no i Trondheim. I 2013 var ho festspeldiktar på Dei nynorske festspela i lag med Guri Sørumgård Botheim og Lars Petter Sveen.