Rakfisk i godt lag
InnbundenFleire format

Generell litteratur

Rakfisk i godt lag

Noregs største rakfiskentusiast hyller rakfisken som festskapar og trendy tradisjon! Den tradisjonelle matretten har blitt allemannseige i norsk mat- og festkultur. I denne boka får du ikkje berre fisking, legging, saltinnhald og kjemiske prosessar, men også alle dei store og små arrangementa knytte til maten. Det har oppstått årvisse ritual, i private lag og i større samkomer landet rundt og folkerike festivalar der rakfisken står i sentrum. Boka gir deg eit fyldig innblikk i alt dette. Boka er gjennomillustrert.

449,00 kr
Hallgrim Berg
Om forfattaren

Hallgrim Berg

(f. 1945) i Ål i Hallingdal. Cand. philol. 1972. Møtt på 24 Storting (1974-2001), fast representant i 16 år, medie- og kulturpolitisk representant for Høgre på Stortinget. Leiar for The European Democratic Group i Europarådets parlamentarikarforsamling 1992-97, leiar i Løvebakken Mållag 1988-97, medlem av Norsk Språkråd 1972-1988, styreformann i Tubfrim, medlem av kringkastingsrådet, fylkestingsrepresentant i Buskerud, forretningsdrivande, spelemann, musikkmeldar i aviser og tidsskrift mm.