R

Arne Torp |
Innbunden | ISBN: 9788252170009

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price349 kr

På lett og underhaldande vis fortel Arne Torp om denne merkelege lyden, som eigentleg ikkje er éin lyd, men mange. Torp tek lesaren med på ei reise rundt i munnhola, frå drøvelen til tungespissen. Både rulle-r og skarre-r har sin plass i det norske språket, men forfattararen viser òg at r-en har fleire lydlege slektningar: Den tjukke l-en er til dømes veslebror til r-en og stamfar til retrofleksane, som samtidig også er avkom etter r-en.

Forfattaren dreg også ut i Europa på jakt etter "ur-r-en” og fortel historia om korleis skarre-r-en har spreidd seg. Korleis oppstod eigentleg skarringa, var det ein smittsam talefeil, ein mote skapt ved det franske hoffet, eller noko heilt anna? Kva er framtida for skarre-r-en, vil alle nordmenn skarre om nokre år? Alle desse spørsmåla får eit svar i boka.

Boka kan lesast med utbytte både av folk med rulle-r og skarre-r.

Meldingar

Arne Torp

Du likar kanskje desse

Sist sett på