Pusteproblem
Innbunden

Romanar og noveller

Pusteproblem

Hedda skal tilbake på jobb etter sommarferien. Det skal bli ein fin haust. Ho skal vere full av energi og pågangsmot. Ho skal glede seg over alt ho har. Ho har eit godt forhold til kollegaer, og eit godt familieliv. Ho er ennå ung. Ho ser bra ut. Og ho drikk vel ikkje meir enn folk flest?

I Pusteproblem følgjer vi ei kvinne som er i ferd med å miste kontrollen over livet sitt, som svik seg sjølv og dei ho er glad i. Marita Liabø skriv overtydande og nådelaust om lyst, skam og sjølvbedrag.

449,00 kr
Marita Liabø
Om forfattaren

Marita Liabø

(f. 1971) debuterte med romanen Tempus fugit (Eide) i 1999, og har skrive ei rekkje bøker og antologibidrag for vaksne og barn. Ho arbeider som fjernsynstekstar for NRK, og var tidlegare spaltist i Dagbladet og Dag og Tid.