Profesjonsetikk i sjukepleie
I første del av boka blir det gjort greie for profesjonsetikk generelt, for etiske nøkkelomgrep, teoriar og tenkjemåtar. Her blir også etiske refleksjonsmodellar gjennomgått, og forfattarane viser korleis systematisk refleksjon kan hjelpe oss i vanskelege situasjonar.
Andre del av boka går inn på vanlege etiske utfordringar ein kan møte som sjukepleiar. Etter ein gjennomgang av lovverk og profesjonsetiske retningslinjer blir utfordringar knytte til teieplikt, autonomi og tvang og andre sentrale tema grundig behandla. Her blir også tema som prioritering, lojalitet og varsling tekne opp, og gjennom heile framstillinga bruker forfattarane attkjennelege eksempel frå praksis, der studentane blir inviterte til etisk refleksjon. I eit eige kapittel til slutt i boka blir forskingsetikk behandla.
Herdis Alvsvåg (f. 1952) er professor ved VID vitenskapelige høgskole i Bergen. Ho er utdanna sjukepleiar og sosiolog og har særleg arbeidd med ulike kunnskapsformer, omsorg, læring og danning. Alvsvåg har publisert fleire bøker og artiklar baserte på forsking på desse felta og har også vore redaktør for fleire utgivingar.
Einar Aadland (f. 1950) er dosent emeritus ved VID vitenskapelige høgskole i Oslo. Han er tilknytt mastergradprogrammet i «Verdibasert ledelse» og har publisert bøker, artiklar og forskingsrapportar innanfor områda etikk og verdiar, organisasjonskultur, vitskapsteori og leiing.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO