Det finst mange kryssande krav og forventningar til korleis ergoterapeutar og fysioterapeutar skal arebeide. Denne boka om profesjonsetikk handlar om korleis ein kan finne fram til best mogleg handlingsval når situasjonar blir uoversiktlege og tvilen melder seg..
I første del av boka blir det gjort greie for profesjonsetikk generelt; for etiske nøkkelomgrep, teoriar og tenkjemåtar. Her blir også etiske refleksjonsmodellar gjennomgått og forfattarane viser korleis systematisk refleksjon kan hjelpe oss i vanskelege situasjonar.
Andre del av boka går nærare inn på etiske utfordringar knytt til relasjonar til pasientar og brukarar. Her blir lovverk og profesjonsetiske retningslinjer gjennomgått, og tema som teieplikt, tvang og fagleg tvil blir grundig behandla. Boka tek også opp etiske sider ved ergoterapi og fysioterapi som kunnskapsbaserte praksisar, og i eit eige kapittel blir forskingsetikk behandla.
Sitat frå melding
«En viktig og absolutt anbefalt bok for profesjonen.» - Vegard Ølstørn, Fysioterapeuten