Paradishagen
Innbunden

Romanar og noveller

Paradishagen

Det viser seg at her er fleire ufortalde historier knytte til krigen. Det at Leonard har ei fortid som Wehrmacht-soldat, er berre starten. Dalgård går på jakt i hans og familiens fortid både i Nord-Noreg og i Austerrike, og nærmar seg etterkvart nye versjonar av livshistorier ho har kjent sidan barndommen. Med kva rett skal ho skape filmen som vil bli ståande som historia om Kurt Leonard? Og kva versjon skal ho fortelje? I denne romanen får vi lese om forteiing i den næraste familie, om kollektiv forteiing og om konsevensane av dette. Vi blir vitne til korleis kjærleik og død kan slå inn i liv og korleis ulike liv og livshistorier flettar seg inn i kvarandre.

449,00 kr
Sigrun Slapgard
Om forfattaren

Sigrun Slapgard

(f. 1953) er journalist og forfattar. Ho har jobba som utanriksjournalist i NRK og har skrive ei rekkje bøker. For Krigens penn. Ein biografi om Lise Lindbæk (2002) blei ho nominert til Brageprisen og fekk Melsom-prisen. Også Eit hemmeleg liv (2020) blei Brage-nominert. For romanen Englestien (2013) fekk ho Nynorsk litteraturpris. Slapgard har også skrive ein biografi om Sigrid Undset og romanen Eg har sett jaguaren.