Over grensene

Uzma Aslam Khan |
Innbunden | ISBN: 9788252165487

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price400 kr

Handlinga i Over grensene utspeler seg i Pakistan, med avstikkarar til USA og England, i tida før og like etter Golfkrigen i 1991. Både krigen og kjærleik-hat-forholdet til USA ligg som eit bakteppe for dei personlege, sosiale og politiske konfliktane hovudpersonane i romanen strever med.

Journaliststudenten Daanish, som studerer i Massachusetts, må reise heim til Pakistan fordi far hans er død. Han vil gjerne vere liberal, han vil at samfunnet skal vere rettferdig, men det viser seg å vere vanskelig å la rettferda omfatte kvinnene.

Uzma Aslam Khan tek oss med på ei kvass ferd gjennom det pakistanske samfunnet, der den som ønskjer å realisere draumane sine, stadig tråkkar over etablerte grenser: sosiale grenser, eigedomsgrenser, lovas grenser, tradisjonens grenser, moralens grenser.

Dette er den andre romanen til den pakistanske forfattaren Uzma Aslam Khan. Den første, The Story of Noble Rot, kom i 2001, Over grensene (Trespassing) to år etter, i 2003. Begge desse bøkene er internasjonalt kjende, og Over grensene er utgjeven på ei rekkje språk dei siste åra, blant anna på svensk.

Frå engelsk ved Åsmund Forfang. Boka fekk terningkast fem i VG, her er heile meldinga:

Denne romanen er ikkje berre ei Romeo-og-Julie-forteljing med pakistansk koloritt.

Det er ein roman som lykkast i å skildre dei grenselause motsetjingane i eit samfunn i endring.

I enkle og verksame dialogar blir store spørsmål personifisert: Kvifor er USA både terrorstat og fridomsdraumen?

Korleis kan pakistanske kvinner klare det hamskiftet moderne tider tvingar fram, og ikkje lenger berre vera «eit skattkammer for familien»?

Kva skjer med ein person som må stå med føtene på ulike sider av geografiske, politiske, etiske, kulturelle og personlege grenser?

Romanen er underhaldande, men også tankevekkjande.

Grunnforteljinga om dei unge elskande er uventa frisk, med fine metaforar kring silkeorm-avl og havskilpaddenes evig framtidsretta voner.

Ved enkeltmennesket sine opplevingar av historia blir Pakistans urolege fortid skissert.

Utan at romanen glir over i politisk manifest, er her mykje å lære. Framfor alt at menneske er menneske - og at rådande røyndom i Pakistan i moderne tid slett ikkje er så ulik kulturtilhøva i vårt eige bondesamfunn for berre eit par generasjonar sidan.

May Grethe Lerum

Du likar kanskje desse

Sist sett på