InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Oskar og eg: Alle tinga vi har : roman

6–9 år
«God som gull! ... Perfekt som godnatt-forteljingar ... Maria Parr er ein av dei dyktigaste barne­bok­forfattarane vi har.»
— Anne Cathrine Straume, NRK
Det er mykje som kan bli øydelagt i ein vanleg familie. Jammen bra at førsteklassingen Oskar har limpistol så han kan lime ting saman igjen. Særleg storesøster Ida sine ting. Men kva med alt det som ikkje kan limast? Fiskestenger på havets botn, uventa vikarar og bortkomne dinosaurar? Og dei dagane då alt blir feil, går det an å reparere dei? Ein må i alle fall prøve! Farmor tek bomba i redningsaksjon til sjøs, Oskar trøystar eit knust hjarte med måling og stein, og Ida finn ut at ho er modigare enn ho trur. Kanskje er det av og til best å gjere som Oskar? Berre gi drallen og mose på?

Oskar og eg. Alle tinga vi har er ein knallsterk oppfølgjar til sals- og kritikarsuksessen Oskar og eg. Alle plassane vi er og passar perfekt som høgtlesingsbok for heile familien.

Vinnar av Årets bok 3.-4. klasse på Sølvberget

Terningkast 5! "En norsk Emil i Lønneberget! ... Denne serien setter standarden for sjangeren «høytlesningsbok»." - Kristine Isaksen, VG

Terningkast 5! "God som gull! ... Perfekt som godnatt-forteljingar ... Maria Parr er ein av dei dyktigaste barnebokforfattarane vi har." - Anne Cathrine Straume, NRK

"[J]eg synes alle burde lese disse bøkene, for de er verdens gøyeste bøker!"
- Tim (9), Aftenposten Junior, Lesernes bokanbefalinger.




349,00 kr
Sider
254
Utgivingsår
2025
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234014208
Meldingar

Sagt om boka

7 omtaler

«En norsk Emil i Lønneberget! ... Denne serien setter standarden for sjangeren «høytlesningsbok».»

— Kristine Isaksen, VG

«Parr befester sin posisjon som Norges ledende barnebokforfatter.»

— Andrea Skogtrø Eggan, Adresseavisen

«[Maria Parr] er en sann mester av gjenkjennelig hverdagslighet, og all spenningen som ligger i det helt vanlige.»

— Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen

«... selv om de voksne hverken er problemfrie eller alltid harmoniske, er de likevel forbilledlige. Slik skaper Parr trygge rammer for leseopplevelsen ... Ida og Oskars hverdag er skrevet frem så nært og fint at det aldri er tvil om at deres opplevelser har verdi i seg selv.»

— Guri Fjeldberg, Aftenposten

«Ein blir investert i karakterane, og gjennom boka er det lett å både le høgt av morosame situasjonar og sitat, men også tørke nokre tårer. Samt kjenne på spenning på kva som er neste steg.»

— Tanja Anett Thunem, Synste Møre

«I Maria Parr og Åshild Irgens andre bok om Ida og Oskar blir dei gode kvalitetane frå førsteboka både vidareført og vidareutvikla – og søskenparet etablert som eit nytt radarpar i norsk barnelitteratur.»

— Ingrid Senje, Barnebokkritikk

«Andreboka om Oskar og Ida er fullt på høyde med Maria Parrs klassiker fra 2023. (...) Boka blir lett en av de første jeg vil anbefale, når folk ganske snart begynner å spørre om julegavetips. (...) Åshild Irgens tegner dem begge med uttrykksfull vennlighet; det er et behagelig visuelt univers å være i.»

— Silje Bekeng-Flemmen, Klassekampen

Maria Parr
Om forfattaren

Maria Parr

Maria Parr (f. 1981) debuterte med Vaffelhjarte i 2005, og fekk sitt store gjennombrot med Tonje Glimmerdal i 2009, som ho fekk Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen for. Bøkene til Parr er omsette til mange språk, og ho har også vunne ei rekkje internasjonale prisar. I 2019 mottok ho også Sult-prisen. I 2023 fekk ho og illustratør Åshild Irgens Brageprisen og vart nominerte til Nordisk råds barnelitteraturpris for Oskar og eg. Parr har blitt samanlikna med både Johanna Spyris (Heidi) og Astrid Lindgren. Parr er frå Fiskå i Vanylven. Ho har mastergrad i nordisk litteratur frå Universitetet i Bergen, og er utdanna lektor.

Foto: Sara Sanderud

Foto av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens. Foto av Sara Sanderud:

Fleire foto av Julia Marie Naglestad: