InnbundenFleire format
Barn og ungdom
Ørn
3–6 år
«.«Ørn» er ei biletbok av beste merke. Spenningslina er stram nok til at ho kan lesast i eitt drag, men styrken i den saumlause veven av tekst og illustrasjonar finst i alle opningane: For innleving og medskaping, for ...»
— Janne Karin Støylen, Bergens Tidende
Frå lita pingle til farleg ørn
Sam trivst best inne på rommet sitt saman med bestevennen Ørn, ein liten og glad undulat. I gata utanfor er det bøllene som bestemmer.
- Du må aldri fly frå meg, seier Sam.
- Pip, seier Ørn.
- Bra, seier Sam.
Ein dag ser Sam ei jente på vegen utanfor vindauget sitt. Ho freser rundt på ein sparkesykkel. Kven er ho? Kanskje ho vil vere vennen hans?
Ørn er ei fargerik bok om vennskap og utanforskap. Men det er også ei bok om å vekse og bli sterkare, om til slutt å bli til ein stor, farleg ørn på jakt etter bøller.
Martine Grande (f. 1985) kjem frå Lierne i Trøndelag. Ho er busett i Trondheim der ho jobbar med animasjonsfilm og barnebøker. Ørn er den fjerde boka hennar.
329,00 kr
Meldingar
Sagt om boka
1 omtale
««(...) Martine Grande nyttar samspelet mellom tekst og bilete til å skapa eit konkretisert, litterært biletspråk som alle kan vera med på. Slik blir «Ørn» ei fin historie om frykt og overskriding, samstundes som ho stimulerer barnet si språklege og konseptuelle utvikling.»»
— Hadle Oftedal Andersen, Klassekampen





