Organisert velferd: organisasjonskunnskap for sosinom-, barnevern- og vernepleiarstudiet

Fagbøker

Organisert velferd: organisasjonskunnskap for sosinom-, barnevern- og vernepleiarstudiet

Boka gir ei oversiktleg og lettfatteleg innføring i organisasjonsteori. Forfattarane gjer greie for kva som kjenneteiknar organisasjonar i privat, offentleg og frivillig sektor. Dei presenterer ulike teoretiske perspektiv på korleis organisasjonar fungerer, og forklarer og drøftar omgrep som maskinbyråkrati, profesjonsbyråkrati og bakkebyråkrati. Boka er vinkla mot sosialarbeidarar og har eksempel henta frå kvardagen til denne yrkesgruppa. Forutan å setje søkjelyset på arbeidet til den enkelte tenesteytaren i organisasjonane, gir boka ei oversikt over måten norske kommunar er organiserte på. Boka presenterer også dei største frivillige organisasjonane i Noreg og drøftar endringane i det norske organisasjonssamfunnet etter 1945. Har register og litteraturliste.
349,00 kr
Sider
236
Utgivingsår
2002
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252159318