Operasjon sjølvdisiplin

Generell litteratur

Operasjon sjølvdisiplin

Sjekkar du Facebook på mobilen mens du les godnatthistorier for ungane? Har du konsentrasjonsvanskar og manglande impulskontroll? Ikkje-eksisterande treningsvanar og eit kosthald lagt opp etter innfallsmetoden? Då er denne boka for deg! Mangel på sjølvdisiplin er eit problem stadig fleire merkar på kropp og sinn. Slik var det òg for forfattar Agnes Ravatn, som i mange år var ein kronisk utsetjande internettslave, med frynsete livsstil og altfor høg kvilepuls. Heilt til ho bestemte seg for å ta eit grep. Resultatet er ein vitskapleg fundert og praktisk guide til korleis du kan gjenvinne viljestyrke og sjølvkontroll. Operasjon sjølvdisiplin er ei gjenkjenneleg og underhaldande bok spekka med råd om korleis du kan bryte dårlege vanar, arbeide konsentrert, få gode rutinar, og meir fritid utan dårleg samvit. Boka passar like godt for studentar og folk i kontoryrke, som for deg som har vondt for å knyte på deg joggeskoa, eller har ein hang til å småete.
259,00 kr
Sider
107
Utgivingsår
2014
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252186673
Agnes Ravatn
Om forfattaren

Agnes Ravatn

Agnes Ravatn (f. 1983) har gitt ut fleire kritikarroste og populære bøker, blant anna romanane Fugletribunalet (2013), Dei sju dørene (2019) og Gjestene (2022). Ravatn har også gitt ut fleire populære sakprosabøker, mellom anna bestseljaren Operasjon sjølvdisiplin (2014). Ravatns særeigne, vittige stemme og skarpe blikk for menneskeleg svakheit går alltid att – om ho skriv romanar, journalistikk eller essay. Doggerland er den femte romanen hennar.

Foto av Agnete Brun:


Foto av Line Omland Eilevstjønn:

Foto av Marius Viken: