Barn og ungdom

Ollis

9–12 år
Nominert til Bokslukerprisen og ARKs barnebokpris 2017! Heime hos Ollis og mamma er ting snudde på hovudet. Det har flytta inn ein knøttliten, søt veslebror, men også mamma sin irriterande ryddefrik-kjærast. Heime er ikkje lenger slik det var. Heldigvis er nabohuset den perfekte fristaden, for der bur Gro. Ollis og Gro er bestevenner og kjenner kvarandre ut og inn. Eller gjer dei det? Ollis har ikkje alltid snakka heilt sant til Gro. Og då dei finn eit postkort i ei mystisk, gul postkasse midt i skogen, veks løgna til Ollis seg endå større. Kva er det Ollis veit om postkortet som Gro ikkje veit? Ein spennande barneroman om vennskap, familie og mot.
249,00 kr
Sider
206
Utgivingsår
2018
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252196832
Ingunn Thon
Om forfattaren

Ingunn Thon

Ingunn Thon (f. 1986) debuterte med barneboka Ollis i 2017. For denne boka blei ho nominert til Arks barnebokpris. Ho er journalist og tekstforfattar og har mellom anna arbeidd i NRK Super. Ho blei nominert til Barnas Bokpris 2023 for Full Bajas. 

 

Foto av Sara Sanderud, illustrasjon av Jens Kristensen: