Norsk utanrikspolitikk etter 1814

Fagbøker

Norsk utanrikspolitikk etter 1814

Boka gir ein kortfatta introduksjon til norsk utanrikspolitikk frå 1814 og fram til i dag. Hovudtemaet er korleis den utanrikspolitiske tenkjemåten utvikla seg og kom til uttrykk i denne tohundreårsperioden. Forfattaren viser at grunnlinjene i tryggingspolitikken - russofobien og den vestlege stormaktsgarantien - vart til alt i unionstida, og vidareført i Integritetstraktaten i 1907 og i NATO-medlemskapen i 1949. Parallelt tok den norske folkeretts- og humanitærpolitikken si form, først i freds- og voldsgiftspolitikken sist på 1800-talet, deretter i Folkeforbundet, og så i bistandspolitikken i etterkrigstida og engasjementspolitikken etter den kalde krigen. Slik hevdar forfattaren at det er meir kontinuitet enn brot i relasjonane til framande statar i desse to hundre åra, der folkeretten alltid har vore Noregs viktigaste forsvarsverk.
319,00 kr
Sider
205
Utgivingsår
2016
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252187663
RB
Om forfattaren

Roald Berg

(f. 1954) er professor i moderne historie ved Universitetet i Stavanger, der han særleg arbeider med tryggingspolitikk, polarpolitikk og misjonens politiske historie. Han har bidratt i fleire verk om norsk utanrikspolitikks historie, forsvarets historie og polarhistorie, og har mellom anna redigert Selvstendig og beskyttet. Det stormaktsgaranterte Norge fra Krimkrigen til NATO (2008).

Meir om Roald Berg →