Norsk Ordbok er den største ordboka over norsk talemål og nynorsk skriftspråk. Ordboka blir på tolv band og vil vere ferdig til grunnlovsjubileet i 2014. Til saman vil Norsk Ordbok omfatte 300 000 oppslagsord. Ordboka byggjer blant anna på ein database med over tre 3,2 millionar ord samla inn frå skriftlege kjelder og frå dialektane og på eit moderne elektronisk tekstkorpus med hovudvekt på nyare tekstar, skjønnlitterære og sakprosa. Norsk Ordbok band 11 tek for seg ord frå stø og ut alfabetbokstaven t. Norsk Ordbok blir utarbeidd av Norsk Ordbok 2014 ved Universitetet i Oslo.