Norsk miljøorganisering mellom stat og lokalsamfunn
Hefta

Norsk miljøorganisering mellom stat og lokalsamfunn

Boka tek for det organiserte miljøvernet i Noreg, og korleis det skil seg frå organisert miljøvern i andre land. Avslutningsvis diskuterer forfattarane kva framtidige utfordringar miljøorganisasjonane står overfor.

Boka Norsk miljøvernorganisering mellom stat og lokalsamfunn byggjer på ei undersøking av organisert miljøvern i Noreg. Forfattarane viser korleis det organiserte miljøvernet i Noreg er annleis enn i andre land. Det er to særtrekk som er påfallande: den sterke bindinga miljøorganisasjonane har til staten og til lokalsamfunnet. Forfattarane analyserer i kva grad desse særtrekka er spegla i haldningar og handlingar blant miljøvernarar.

Boka inneheld i tillegg analysar av korleis miljøvernarar plasserer seg når det gjeld sosiodemografiske kjenneteikn og politiske meiningar, samanlikna med nordmenn generelt. I den siste delen av boka diskuterer forfattarane korleis ein kan forstå det organiserte miljøvernet i Noreg, og kva utfordringar miljøorganisasjonane står overfor.

Boka er skriven både for studentar som tek miljø- eller ressursforvaltingsfag, og studentar som tek ulike samfunnsfag ved høgskolar og universitet, særleg statsvitskap, adm.org. og samfunnsgeografi.

429,00 kr
Øystein Bortne
Om forfattaren

Øystein Bortne

Øystein Bortne (f. 1974), cand. polit. frå Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen i 1998, med ei hovudoppgåve om politiske parti og regjeringar. Har sidan 1999 arbeid på LOS-senteret (Norsk senter for forsking i leiing, organisasjon og styring) som forskingsassistent.