Norsk litterær årbok 2023

Fagbøker

Norsk litterær årbok 2023

Norsk litterær årbok er ein årleg litteraturvitskapleg antologi. I denne utgåva kan du lese Espen Grønlis drøfting av korleis Arne Garborg gjendikta Homers Odysseen. Eirik Vassenden viser korleis Gro Holm har ein klar økokritisk profil i forfattarskapen. Sindre Eikrem undersøkjer det norske lyrikkåret 2022. Den danske forfattaren Solvej Balle har sidan 2020 arbeidd med det planlagde sjubandsverket Om utdregning av rumfang. Ho vart tildelt Nordisk Råds litteraturpris for dei fire første bøkene i fjor. Gunilla Hermansson gjer ein kritisk analyse av både romanen og forfattarskapen i lys av denne tildelinga. Nora Dåsnes fekk same prisen for beste barne- og ungdomsroman for teikneserieromanen Ubesvart anrop, og Line Reichelt Føreland analyserer verket som ei litterær handsaming av dei kollektive trauma knytt til 22.07.2011 . Årboka inneheld også artiklar om tendensar i den nye norske novellekunsten, songlyrikk, og ungdomslitteratur.
289,00 kr
Utgivingsår
2024
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234011443
NS
Om forfattaren

Nora Simonhjell

Nora Simonhjell (f. 1970) er førsteamanuensis ved Institutt for nordisk og mediefag ved Universitetet i Agder. Ho arbeider mest med spørsmål kring litteratur, kropp, kjønn og sjukdom.