Norsk litterær årbok 2019

Fagbøker

Norsk litterær årbok 2019

Norsk litterær årbok er ein årleg litteraturvitskapleg antologi. I 2019-utgåva undersøkjer Eivind Tjønneland korleis den sjølvframstillande tendensen og skjønnlitterære framstillingsteknikkar pregar sakprosaen som vart skriven i 2018. Korleis skjer med sakprosaen når forfattarane har skjønnlitterære ambisjonar? Lyrikkåret blir sett under lupa, og det same blir vinnaren av Nordisk råds litteraturpris, den islandske forfattaren Audur Ava Olafsdottirs roman Arr. Jan Inge Sørbøs storverk Nynorsk litteraturhistorie (2018) blir drøfta som litteraturhistorisk verk. I dei nye læreplanutkasta for norskfaget blir den samiske litteraturen løfta fram, men kva kjenneteiknar samisk ungdomslitteratur, og korleis har denne særlege og lite kjende forma for skjønnlitteratur utvikla seg, spør Silje Solheim Karlsen. Korleis skreiv Sigrid Undset om den aldrande kvinnekroppen i den siste romanen om Kristin Lavransdatter? spør Christine Hamm. Morten Auklend følgjer sneglemotivet i ei novelle av Merethe Lindstrøm. Årboka inneheld mellom anna også artiklar om Maja Lundes roman Bienes historie lese frå eit økofeministisk perspektiv, norske bestseljarar i Tyskland, Dorothe Engelbretsdatter og digital litteraturforsking i Skandinavia.
310,00 kr
Sider
329
Utgivingsår
2019
Språk
sv
ISBN
9788234001147
NS
Om forfattaren

Nora Simonhjell

Nora Simonhjell (f. 1970) er førsteamanuensis ved Institutt for nordisk og mediefag ved Universitetet i Agder. Ho arbeider mest med spørsmål kring litteratur, kropp, kjønn og sjukdom.