Norsk litterær årbok 2011

Heming Gujord | Per Arne Michelsen

NLÅ 2011 oppsummerer litteraturåret 2010 og kommenterer litterære debattemne frå året som gjekk. Årboka inneheld også prøver frå forskingsfeltet. Ho inneheld artiklar om emne som biografi, bibliografi, litterær kvalitet i sakprosaen og digitale tekstar. Dessutan rommar ho lesingar av kjende tekstar og forfattarskap.

Norsk litterær årbok har vore årviss sidan 1966. Årets utgåve tek i fleire artiklar føre seg tekstar av Tarjei Vesaas. Men det er òg artiklar om forfattarskapen til ulike forfattarar som Sigurd Hoel, Hanne Ørstavik, Beate Grimsrud, Dorothe Engelbretsdotter og Åsta Holt. I eigne artiklar går ein gjennom Romanåret , Lyrikkåret og Kritikkåret 2010.

Redaktørar for Norsk litterær årbok er Heming Gujord og Per Arne Michelsen. Heming Gujord er førsteamanuensis i nordisk fagdidaktikk ved Universitetet i Bergen, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Per Arne Michelsen er førsteamanuensis i norsk ved Høgskolen i Bergen, avdeling for lærarutdanning.




Meir frå Heming Gujord