Norsk historie 1536-1814: vegar til sjølvstende

Fagbøker

Norsk historie 1536-1814: vegar til sjølvstende

Bandet dekkjer perioden frå reformasjonen i 1536 til 1814, med Noreg som del av den dansk-norske staten. I den politiske historia blir det lagt vekt på den nordiske maktkampen og utviklinga av eineveldet, med vegen fram til norsk sjølvstende i 1814 som overordna perspektiv. Innanfor denne ramma blir befolkningsutvikling, næringsutvikling, sosiale og kulturelle forhold drøfta. Landet opplever ein uavbroten folkeauke,vi får nye næringsvegar og økonomisk vekst, statsapparatet blir utbygd og ein ny elite veks fram. Avslutningsvis drøftar forfattaren dei store samanhengane i perioden, utviklinga av ein norsk nasjonal identitet, og samanhengen mellom den store folkeauken og næringsutviklinga. Ståle Dyrvik er professor i historie ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap ved UiB.
499,00 kr
Sider
335
Utgivingsår
2011
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252174427
Ståle Dyrvik
Om forfattaren

Ståle Dyrvik

er professor i historie ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap ved Universitetet i Bergen. Arbeidsfeltet hans er tidleg moderne tid, og han har ein stor og allsidig produksjon å vise til, td. Norsk økonomisk historie 1500–1850 (1979), Historisk demografi (1983), Norsk historie 1625–1814 (1999), Den demografiske overgangen (2004) og Året 1814 (2005).