Norsk bistandshistorie

Fagbøker

Norsk bistandshistorie

Boka gir ei kortfatta oversikt over Noregs engasjement i internasjonalt bistandsarbeid frå Kerala-prosjektet i 1952 til i dag. Etter å ha gjort greie for korleis utviklingshjelpa kom i gang etter den andre verdskrigen, følgjer forfattaren utviklingslinjene i det norske bistandsarbeidet: korleis ein har tenkt omkring bistand til ulike tider, kva erfaringar ein har gjort i konkrete bistandsprosjekt, og korleis arbeidet har blitt organisert. Noreg markerte seg tidleg i internasjonalt bistandsarbeid, og med stadig aukande oljeinntekter kom Noreg til å vere blant dei leiande landa når det gjaldt storleiken på u-hjelpa i høve til folketal. Slik fekk Noreg ei stilling i internasjonale relasjonar langt utover det ein kunne forvente ut ifrå folketalet. Ei hovudoppgåve i denne boka er å syne korleis Noreg nytta dette handlingsrommet.
319,00 kr
Sider
192
Utgivingsår
2016
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252188554
RB
Om forfattaren

Randi Rønning Balsvik

er professor i historie ved Universitetet i Tromsø. Ho har vore både lærar og seinare forskingsstipendiat i Etiopia. Balsvik har mellom anna gitt ut Haile Selassie?s Students. The Intellectual and Social Background to Rrevolution, 1952-77 (Michigan State University 1985).