Den andre verdskrigen er kanskje den mest omdiskuterte og omstridde perioden i norsk historiografi. I boka oppsummerer forfattarane dei ulike realhistoriske sidene ved krigen og diskusjonen om han fram til i dag. Det blir lagt vekt på at krigen i Noreg ikkje kan sjåast isolert frå den store krigen, og forfattarane ser heile tida hendingane her til lands i eit internasjonalt og komparativt perspektiv, med vekt på Noregs strategiske stilling. I større grad enn andre framstillingar blir linjene trekte både bakover og framover i tid. Sentrale tema er Noreg i stormaktspolitikken, bygginga av Festung Norwegen og omskapinga av norsk økonomi, kvardagsliv, kollaborasjon og motstand. Forsøket på å utrydde dei norske jødane, tvangsevakueringa og nedbrenninga i nord blir også grundig behandla, og ikkje minst rettsoppgjeret og dei langsiktige verknadene av krigen.
STIAN BONES er professor i historie ved Institutt for arkeologi, historie, religionsvitskap og teologi ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet.
HALLVARD TJELMELAND er professor emeritus i historie same stad.