Nordlys
Innbunden

Nordlys

For eskimoane på Grønland var nordlyset, i følgje tradisjonen, teikn p? at døde frendar prøvde å kome i kontakt med sine jordiske venner.

Og mange kan nok hugse at vi som barn vifta med kvitt tøy eller plystra til nordlyset for å få det til å bevege seg eller gje frå seg ein knitrande lyd. Denne skikken kjem truleg frå gamle tradisjonar, då ein trudde at nordlyset var vegen til dødsriket.

I ei nesten 2000 år gammal nedteikning om eit nordlys observert i Kina står det:

Om natta vart det sett lysande skyer, gule og kvite, med lange strålar som lyste opp bakken. Nokon hevdar at det er sverd frå himmelen, men andre trur det er djupe hol, med store flammar, i himmelen.

449,00 kr
AB
Om forfattaren

Asgeir Brekke

Asgeir Brekke, fødd 1942, er frå Lesja, dr. philos i 1975 og professor i kosmisk fysikk ved Universitetet i Tromsø. Han har arbeidd med nordlysforsking i over 25 år. Han har gitt ut meir enn 100 publikasjonar om emne som er knytt til nordlys og den polare atmosfære, han har vore med å popularisere nordlysforskinga gjennom fleire bøker, artiklar og eit uttal foredrag.

Meir om Asgeir Brekke →