Ninkolai: roman

Bjarte Daviknes Klakegg |
Innbunden | Sidetal: 399 | ISBN: 9788234000027

Pris:
Salspris429,00 kr

Om boka

Om kjønnsidentitet og å miste sine nærmaste.
Nina er ikkje lenger Nina, men er endå ikkje heilt blitt Nikolai. Tolv år gammal bur han på garden med besteforeldra Inger og Johannes. Mora har reist tilbake til byen dei to kom ifrå, utan Nikolai. Som ung vaksen flyttar han etter, mest for å finne fotfeste i seg sjølv, men kanskje også med eit håp om å finne mora. Saknet etter besteforeldra, særleg Johannes, dreg med seg glimt frå oppveksten på garden. Der andre tviheldt på Nina, var Johannes den einaste som ville sjå Nikolai. No er han blitt sjuk. Jo nærmare Nikolai kjem seg sjølv, dess meir svinn Johannes. Medan Inger strevar med saknet etter begge, og mor til Nikolai vaknar til live i gøymde minne, ventar kanskje kjærleiken på ein heilt (u)vanleg gut som heiter Nikolai.
«Ninkolai» er ein roman om kjønnsidentitet, avvising og kjærleik, om å miste - og finne - sine nære i leiten etter seg sjølv.

Sitat frå melding

Terning 5«Då forteljinga opnar, er Nina bare Nina i namnet, og skal i løpet av ein flott roman gå frå å vera jenta Nina til å bli den guten Nikolai han veit at ho er [...] Då har ikkje bare forfattaren skapt eit mangefasettert bilde av hele det unge livet hans, men samtidig skrive ei familiesoge over tre generasjonar [...] ei vakker, beherska og lågmælt forteljing frå dei mest formative åra i eit menneskes liv.» Jan Askelund, Stavanger Aftenblad

«Ninkolai er ei av fjorårets sterkaste bøker; i mine auge eit lite meisterverk. [...] Det er ei bok som kan opne mange auge, og eg vonar den vil bli lese av mange, og ikkje minst bli ståande som ein del av norsk litteraturhistorie. [...] Forholdet mellom Nikolai og bestefaren er så utruleg vakkert skildra at det er umogleg å ikkje få tårer i auga.» Elise Solvåg, framtida.no

Bla-i-boka

Du likar kanskje også

Sist sett på