Nidaros: roman

Skjønnlitteratur

Nidaros: roman

Nidaros er ein roman om kjærleik, arkitektur og kunst. Den er også ei utforsking av minnet, og av korleis minne og gløymsle konstant påverkar måten vi lever på. Gjennom eit flettverk av historier følgjer vi ei kvinne og to menn, som alle blir innhenta av fortida. Deira vegar har kryssa kvarandre tidlegare, og no skal dei møtast på nytt i Trondheim, der Nidarosdomen skal spela ei sentral rolle. Stein Versto fekk Tarjei Vesaas? debutantpris for novellesamlinga Ho blei borte i trappene. Han har også skrive to diktsamlingar. Nidaros er Verstos første roman, og her får vi igjen oppleve hans meisterlege blikk for detaljar, hans store poetiske sensibilitet og ein ambisjon om å kartleggje dei store samanhengane mellom dei små liva.
329,00 kr
Utgivingsår
2013
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252184037
Stein Versto
Om forfattaren

Stein Versto

(f. 1957) debuterte med novellesamlinga Ho blei borte i trappene. Den fekk han Tarjei Vesaas’ debutantpris for i 1990. Versto har også skrive diktsamlingane Innfalda tid, minne (1995) og Snø i partituret (2000). I 2013 gav Versto ut sin første roman, Nidaros.