Nattsommarfugl

Barn og ungdom

Nattsommarfugl

12–16 år 3 t 7 min
Johanne er på sommarbesøk hos mormor og morfar. Mattias er ein gut.som ho kjenner seg forelska i, og ho blir med han på hytta. Dei blir på ein måte kjærastar, men ein slengmerknad øydelegg alt, og brått er ikkje Johanne interessert i han lenger. Ho slår opp. Dagen etter får ho vite at Mattias er forsvunnen.
279,00 kr
Utgivingsår
2021
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234004100
Hilde K. Kvalvaag
Om forfattaren

Hilde K. Kvalvaag

Hilde K. Kvalvaag (f. 1968) bur i Bergen. Ho debuterte med ungdomsromanen Hjarteklapp i 2003. For den fekk ho Nynorsk barnelitteraturpris.

For si andre bok, Nattsommarfugl (2005), mottok Kvalvaag Kulturdepartementet sin litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok og Guro Sandsdalens litteraturpris. I 2008 gav ho ut si første bok for vaksne, romanen Skagerrak, som ho fekk Samlagsprisen for. I 2010 vart ho tildelt Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok for romanen Fengsla (2010).

Fleire av bøkene hennar er omsett til tysk.