InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Nattklubben

3–6 år
««Nattklubben» er en søt god natt-fortelling for de minste, der dyrene oppfører seg som mennesker, samtidig som de har bevart et snev av det dyriske i seg, ikke minst i Sebastian Meschenmosers nostalgisk-vakre illustra...»
— Anne Cathrine Straume, NRK
Det nærmar seg tida for den lange vintersøvnen. Veslebjørn vil ikkje sova når mamma masar. Besta vil heller ikkje sova. Ho fortel om nattklubbane frå gamledagar med diskokuler, hallingdans og sukkerspinn.

Saman snik dei seg ut på jakt etter ein nattklubb. På vegen møter dei mange andre dyr som heller ikkje får sova. Kanskje dei må laga nattklubben sjølv?

Nattklubben er ei eventyrleg og original godnattforteljing med illustrasjonar av den prislønte illustratøren Sebastian Meschenmoser.
329,00 kr
Sider
41
Utgivingsår
2024
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234010576
Meldingar

Sagt om boka

3 omtaler

«Oppfinnsom nattklubb-jakt med helnorsk bakteppe (...) Nattklubben er en besynderlig, men morsom bok med diskokuler og hallingdans som ingredienser. (...) Blandingen av de helnorske elementene og nattklubb- temaet er originalt, og setter norsk tradisjonskultur inn i en moderne kontekst.»

— Kristin Buvik Sivertsen, Periskop

«Denne boka gjer meg håpefull og glad. ... Nattklubben er ei varm forteljing om å sjå lyst på livet. Ei forteljing om tette relasjonar på tvers av generasjonar. ... Denne enkle tilværa Vetrhus og Meschenmoser har skapt saman, er reine eskapismen.»

— Åse Osmundsen Opedal, Numer

«Anbefalt av Nynorsksenteret for formidlingsstunder 1.-3.trinn! "[E]i varm og leiken bildebok som er på lag med dei som likar leik og dans, og som ikkje vil legga seg."»

— Tonje Noréa Gauden, Nynorsksenteret

Mona Vetrhus
Om forfattaren

Mona Vetrhus

Mona Vetrhus (f. 1975) er ein norsk diktar frå Uskedalen i Kvinnherad i Hordaland. Ho debuterte som forfattar med diktsamlinga Nokre gutar kjem ikkje heim i kveld i 2012. Nattklubben er den første barneboka hennar.