Når sevja stig: saftige soger

Skjønnlitteratur

Når sevja stig: saftige soger

1 t 13 min
Folkeleg humor - med snert og smell! Med denne CD-en får du eit innblikk i levande norsk forteljartradisjon, slik soger og skrøner utfaldar seg blant folk flest. Det å kunne varte opp med ei god historie er alltid populært. Det kan vera utbroderte soger og skrøner eller korte risper og replikkar - humor gjer livet lettare og lysare for alle. God humor må vera menneskeleg og truverdig. Livet i alle sine fasar og fasettar er tema for skapande humor. Som Paulus sa: "Ikkje noko menneskeleg er meg framandt." Tabu-ord er stundom ein slåande del av ei soge. "Stygge" ord skal ikkje overdrivast, men er ofte nødvendige for å få fram snerten i framstillinga. I sogene og skrønene her er det eigentleg lite "råprat", og ganske ofte må ein dessutan seia som engelskmannen: "It's all in your mind!
379,00 kr
Utgivingsår
2007
Språk
Nynorsk
ISBN
9788242129727
Hallgrim Berg
Om forfattaren

Hallgrim Berg

(f. 1945) i Ål i Hallingdal. Cand. philol. 1972. Møtt på 24 Storting (1974-2001), fast representant i 16 år, medie- og kulturpolitisk representant for Høgre på Stortinget. Leiar for The European Democratic Group i Europarådets parlamentarikarforsamling 1992-97, leiar i Løvebakken Mållag 1988-97, medlem av Norsk Språkråd 1972-1988, styreformann i Tubfrim, medlem av kringkastingsrådet, fylkestingsrepresentant i Buskerud, forretningsdrivande, spelemann, musikkmeldar i aviser og tidsskrift mm.