Mørkemanaren

Barn og ungdom

Mørkemanaren

12–16 år
Koll er tilbake i Kervad etter den dramatiske turen til Vilkafjord, men slit med å bli tatt alvorleg som arbeidskar under utgravinga av drakehola. Men når Kervad fyllest opp av griske framandfolk som har høyrt rykte om skatten, aner han uråd. Vil dei verkeleg berre gjera forretningar, eller har dei andre planar? Ein ting er sikkert: Nokon har vondt i sinnet for Kervad, og når skodda legg seg over landsbyen, får Koll meir enn nok å slita med. Saman med Faria, dotter til smeden, tar han opp kampen mot mørket som truar, men kanskje er ikkje eingong Nordavinden nok til å stå i mot?
299,00 kr
Utgivingsår
2013
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252184396
Asbjørn Rydland
Om forfattaren

Asbjørn Rydland

(f. 1976) er frå Seim i Hordaland og bur i Oslo. Han vart tildelt både Nynorsk barnebokpris og Fabelprisen for serien om Drakeguten i 2012. Drakeguten vann NM i litteraturformidling. For fantasyromanen Galderstjerna vann han Uprisen i 2017.