Karl vaknar opp i skogen med store smerter. Han hugsar at han sprang. Han hugsar at han fall. I brokkar og bitar kjem minnet tilbake. Han var på Innsetra, arrangerte rovdyrsafari. Det svartnar for han når han prøver å røre på seg. Kvar er alle dei andre?
I denne frittståande oppfølgjaren til Gult farevarsel møter vi igjen søskena Karl, Dorte og Anette og foreldra deira. Da familien var samla på Innsetra eit år tidlegare, gjekk det meste gale. Løgnene og dei vonde minna frå denne helga har splitta dei. Men no, når Karl er borte og leiteaksjonen er i gang, må familien legge alt dette bak seg. Kan det vere denne nye katastrofen som skal samle dei igjen?