Mitt milde vesen: roman

Skjønnlitteratur

Mitt milde vesen: roman

Mor til Johanne er på sjukeheimen. I fleire månader har ho nekta å snakke med dottera. Faren til Johanne forsvann for lenge sidan. Johanne vil finne ut kvifor mora er så sint og kva som skjedde med faren. Ho vil finne ut av livet til foreldra, men ho trenger samtidig inn i sitt eiget ekteskap. Johanne må finne ut om ho er i stand til å tilgje sviket og utroskapet til ektemannen. Aleine i barndomsheimen med det nedlagt gartneriet, konfronterer ho seg sjølv med si eiga skam, sin aggresjon og trass.
329,00 kr
Utgivingsår
2011
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252176575
Brit Bildøen
Om forfattaren

Brit Bildøen

(f. 1962) debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn, og har sidan skrive barnebøker, romanar og essay. Ho er også verksam som omsetjar. Bøkene til Bildøen er omsett til fleire språk, og ho er blitt tildelt fleire litterære prisar, mellom anna P2-lyttaranes romanpris for Sju dagar i august (2014), som også vart nominert på langlista til Dublin Literary Award. I 2023 fekk ho Doblougprisen for heile forfattarskapen sin.