Arvid Mæland: mitt liv som cowboy

Håvard Ovesen |
Innbunden | Sidetal: 212 | ISBN: 9788234011702

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price399 kr
Røvarhistorier og livsalvor

Dette er forteljinga om cowboyen, bonden og jærbuen Arvid Mæland. Han sjarmerer, engasjerer og irriterer. Det siste ville påfunnet hans er å hogga ut hovudet til kong Harald i fjellet over garden Lauperak i Bjerkreim der han bur.
Mæland sitt liv er ikkje A4. Han køyrde sjølv til skulen med lastebil i fjerde klasse, tok med seg esel då han vart kalla inn til førstegongsteneste og kjøpte ein gigantisk ranch i Arkansas på impuls. Mæland har nærast reist verda rundt som ein utradisjonell reiseleiar, og i vaksen alder fekk han ADHD-diagnose. Mæland har hatt sin del av motgang, men er ein kløppar til å snu ein kvar situasjon til ei positiv oppleving, både for seg sjølv og for dei rundt. Det er ikkje alltid det går i pluss, men det er heller ikkje det viktigaste. Det viktigaste er at det skjer noko nytt.
Mange har blitt kjende med Arvid Mæland gjennom NRK-serien Cowboyen og Kongen. Men kven er han eigentleg? Eit ekte mannfolk? Ein villbasse? Ein tulling? Eit geni?
Journalist Håvard Ovesen har hatt mange samtalar med Mæland for å finne svar på desse spørsmåla. Boka er full av røvarhistorier og private foto frå ein sann eventyrar, men inneheld også innblikk i kva det kostar å leva med stadig tankespinn, uro og ustyrleg skaparkraft.

Bla-i-boka

Håvard Ovesen

Du likar kanskje desse

Sist sett på