InnbundenFleire format

Generell litteratur

Mitt internett: då www kom til Noreg

«TERNINGKAST 5! Halvorsen, dette var gildt. Takk skal du ha. Ei nærhistorisk bok som mange kan kose seg med»
— Aftenbladet
Korleis vart internett ein del av oss? 
 
Dette spørsmålet utforskar Anne Gunn Halvorsen i denne boka som tar utgangspunkt i hennar eigen oppvekst i ei bygd i nittiåra. 
 
Gjennom dagboknotat og intervju med gamle venner og kjærastar, fagfolk og programmerarar fortel ho historia om då internett kom til Noreg: ein unik epoke i norsk mediehistorie då samfunnshierarkiet vart snudd opp ned og barn og unge vart superbrukarar.  
  
Det handlar om teknologien, politikken og driftene som gjorde internett til allemannseige.  
 
Dette er også ei bok om den første generasjonen som levde ungdomstida si digitalt. Dei som brukte kvar ledige stund til å snakke med framande på nettet utan at foreldra ante kva dei dreiv med.  
 
Kva gjorde det med dei?  
Og kvifor nektar dei no eigne barn å oppleve det same? 

No er det 30 år sidan internett vart allemannseige i Noreg.  «Mitt internett. Då www kom til Noreg» er første bok i ein planlagd trilogi om dei tre siste tiåra til internett.
 
«Nyttårsforsett: Vere mindre på internett?» 
Anne Gunn Halvorsen, skuledagbok, januar 2000 

TERNINGKAST 5!
«Halvorsen, dette var gildt. Takk skal du ha. Ei nærhistorisk bok som mange kan kose seg med» 
-Steinar Brandslet, Aftenbladet


399,00 kr
Sider
184
Utgivingsår
2025
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234015175
Anne Gunn Halvorsen
Om forfattaren

Anne Gunn Halvorsen

Anne Gunn Halvorsen (f. 1984) kjem frå Vikedal i Rogaland og bur i Oslo. Ho har arbeidd som journalist i over femten år, mellom anna i Dagbladet og Dagens Næringsliv. I dag skriv ho fast for Aftenposten. På Samlaget har ho gitt ut fleire kritikarroste sakprosabøker. Halvorsen er også kjend for ungdomsromanserien Halve kongeriket som ho skriv saman med Randi Fuglehaug.