Mine minste: om gatefolk frå Romania og eit forsøk på å hjelpe Bla i boka Last ned omslag
InnbundenFleire format

Generell litteratur

Mine minste: om gatefolk frå Romania og eit forsøk på å hjelpe

Om fattigfolk frå Romania og eit forsøk på å gjere ein forskjell.

Dei sit i gatene, står utanfor matbutikken og møter deg med ein skramlande kopp og ei bønn om hjelp. Tiggarar frå Romania blir karakteriserte som kjeltringar, bandittar og menneskehandlarar. Ukvemsorda om denne gruppa har hagla på nettet og i avisspaltene.
Åsne Valland Nordli flytta som ung nybakt mor til hamnebyen Constanta i Romania. Med trua på at det er mogleg å gjere ein forskjell, blei familien buande der i fem år. Dei arbeidde for å hjelpe fattigfolk, særleg gateborn. Valland Nordli fortel si eiga historie, ei historie om tru, mot og motgang. Me blir kjende med fattigfolka som blei dei nære vennene hennar, og som har endra henne for livet. Valland Nordli minner oss om at dei utstrekte, tiggande hendene alle høyrer til menneske med liv, draumar og historier som me i oljenasjonen ikkje har vondt av å høyre.
450,00 kr
Åsne Valland Nordli
Om forfattaren

Åsne Valland Nordli

(f. 1975) kjem frå Norheimsund i Hardanger. Valland Nordli er profesjonell folkesongar. Ho har mellom anna spelt inn seks plater på plateselskap som ECM og Kirkelig Kulturverksted. I fem år budde ho i hamnebyen Constanta i Romania. Der arbeidde ho og ektemannen for Ungdom i oppdrag. Dei dreiv kristne humanitære prosjekt blant gatebarn.