Mikrodosering av dikt

Skjønnlitteratur

Mikrodosering av dikt

Kjem 22. oktober
om du legg hovudet
litt på skakke vil du
kan henda få høyra
kva dyra har på hjartet
 
jazzkonsert på låven
du lyttar til svalenes
brå moduleringar
oppunder takbjelken
 
Dropen ytst på hasselbladet og dropen inst i augekråa, er han den same? At naturen er lyrisk, og lyrikk er naturleg, er premissane for Thor Magnus Tangerås’ fjerde diktsamling. Men natur og biomangfald er truga, og vår evne til merksemd, den ro og konsentrasjon som dikt krev, er svekt. Kan difor små, daglege dosar med dikt, «gylne drypp av nåde, små sting av nå», hjelpa oss til å koma nærare på naturen, oss sjølve og kvarandre?
 
Denne boka er eit moderne drottkvætt, eit hyllingsdikt til ei dronning – naturen sjølv. Dronninga vår er sjuk, og berre ein heilande age for alt levande kan gjera henne frisk igjen. Gjennom ein serie korte dikt, «destillerte av tårer og puss», blir lesaren invitert med på skogbad i bøkeblad, sommarvals i enga og hugsvalande svalestup. Drope for drope, som ei skål i ein stein, blir merksemda – om små skapningar, dvergmusa høgt på eit strå, og om små rørsler, solgangsbrisen i sivet – slipa og forma slik at kontakten med «fivrelde i kroppen» kan gjenopprettast.
299,00 kr
Forventa i sal
22. oktober
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234018183
Thor Magnus Tangerås
Om forfattaren

Thor Magnus Tangerås

Thor Magnus Tangerås (f. 1972) kjem frå Haugalandet. Han er førsteamanuensis ved Westerdals institutt for kreativitet, forteljing og design ved Høyskolen Kristiania. Tangerås forskar på korleis litteraturen kan forandra oss, og har mellom anna gitt ut boka Literature and Transformation. A Narrative Study of Life-Changing Reading Experiences (Anthem Press, 2020). Han debuterte med diktsamlinga Ø i 2022. Han har seinare gitt ut samlinga Landskap med vindturbinar, og i 2025 fekk han Bokhandelens forfattarstipend. Å er den tredje diktsamlinga hans.