Generell litteratur

Mi høgre hand: mot ein identitet som funksjonshemma

«– Vil du vere saman med han, Mone? Vil du? Hallo-o! Kom an, svar då! 
Før bussen køyrde inn på haldeplassen utanfor skulen, hadde eg gjeve opp. 
– Ja … Okei, då. 
Ein ørliten del av meg – eg ville aldri innrømt det der og då – lurte på om eg hadde fått min første kjærast. I matpausen samla det seg ein stor gjeng rundt meg. 
– Det var berre kødd! Trudde du verkeleg at han ville vere i lag med deg?!» 

Mone Celin Skrede er fødd med ei høgrehand som er mindre enn den venstre. Her deler ho forteljinga si om å vekse opp i ei lita vestlandsbygd utan å identifisere seg som «funksjonshemma». 
Mi høgre hand er ei bok som utfordrar og overraskar. Skrede skriv ope om korleis ho har navigert i livet sitt, og om korleis ho har funne styrke i å vere ein del av «rørsla». 

I serien Norsk røyndom inviterer Samlaget utvalde forfattarar til å skrive om den norske samtida. Viktige tema vert presenterte i kort format, med eit personleg utgangspunkt. Våren 2025 kjem det fem nye titlar i serien. Bøkene gir eit unikt innblikk i tema som pregar Noreg i dag, og korleis dei påverkar kvardagen til folk.




299,00 kr
Sider
157
Utgivingsår
2025
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234014994
Mone Celin Skrede
Om forfattaren

Mone Celin Skrede

MONE CELIN SKREDE (f. 1991) frå Hareid har bachelor i journalistikk frå Høgskulen i Volda. Ho har vore journalist i Dag og Tid, Nationen og Aftenposten og fast spaltist for Medier24. I dag arbeider ho med kommunikasjon i Uloba, ein organisasjon som fremjar likestilling for funksjonshemma og borgarstyrt personleg assistanse (BPA). Mi høgre hand er hennar første bok.

Meir om Mone Celin Skrede →