Skjønnlitteratur

Medborgar: eit amerikansk dikt

Omsett frå engelsk av Kristina Leganger Iversen og Camara Lundestad Joof

Lovprist vitnesbyrd om vår tids rasisme. Ein annan venn seier at du må lære deg å ikkje absorbere verda. Ho seier at ho av og til kan høyre si eiga røyst seie stille til kven det skulle vere: Det du seier der, det aksepterer eg ikkje. Vennen din nektar å bere det som ikkje høyrer henne til. Å vere medborgar er ei forventning om at du skal delta, sjølv om samfunnet du lever i, fengslar, skadar og drep kroppar som ser ut som din. «Medborgar» er eit litterært vitnesbyrd over korleis rasismen til dagleg gjennomsyrar livet vårt, og er ei av dei mest lesne og omtalte amerikanske diktbøkene dei siste åra. Med ei blanding av poesi, prosa, essay og bilete naglar Claudia Rankine fast erfaringa med å bli gjort til den andre og utfordrar forståinga av kva det vil seie å vere medborgar, med døme frå framgangsrike personar som Serena Williams og Zinedine Zidane, frå TV og frå dagleglivet - i køen i matbutikken, i klasserommet, på jobben. Gjendikta av Kristina Leganger Iversen og Camara Christina Lundestad Joof. Boka er ein del av Samlagets gjendiktingsserie av ny poesi..
369,00 kr
Sider
176
Utgivingsår
2018
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252193114
Claudia Rankine
Om forfattaren

Claudia Rankine

Claudia Rankine (f. 1963 på Jamaica) voks opp i Kingston og New York. I dag underviser ho ved Yale. Den lovpriste Medborgar er den femte boka hennar, og ho er blitt tildelt ei mengd prisar, mellom anna National Book Critics Award og PEN Open Book Award.